Besøk utstillingslokalet vårt

I utstillingslokalet vårt på Thon Senter Sogningen kan du sjå eit utval av ovnene me leverer og bli inspirert.

I utstillingslokalet har me utstilling av om lag 35 kvalitetsovner frå Heta, Hoxter, Nordpeis, Dovre, Morsø og Schiedel.

Lokalet er bemanna torsdagar kl. 14:00 - 18:00 og du treff oss ofte i lokala på lørdagar. Me kjem elles etter avtale på kort varsel, så ikkje nøl med å ta kontakt medan du er innom.

Ta deg ein kikk rundt, sjå på dei forskjellige ovnane og ta gjerne kontakt med oss viss du vil vite meir.

Velkomen innom!

Opningstider:

Me følgjer opningstidene til Thon Senter Sogningen:

·      Måndag-fredag: 10:00 – 19:00

·      Laurdag: 10:00 – 18:00

·      Søndag: Stengt

Her finn du oss:

Thon Senter Sogningen ligg like ved riksveg 5 midt i Sogndal sentrum. Utstillingslokalet til Sogn Varme & Piperehabilitering finn du i kjellaren, ved sida av Kid Interiør og Nille.